Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Beredskapsvakt for prest

Prestane i Nordfjord prosti har ei organisert beredskapsvakt som skal vere til hjelp i kritiske situasjonar, utan om vanleg arbeidstid om dagen.

 Tenesta er i funksjon kvardagar frå kl. 17.00 til kl. 08.00 dagen etter, og laurdag, søndag og mandag, og helgedag og høgtidsdag frå kl. 08.00 til påfølgande yrkedag kl. 08.00. I denne tida er ein vakthavande prest tilgjengeleg for tenester som ikkje kan vente:
1) Gå med dødsbodskap på oppdrag av politiet
2) Førestå soknebod (= hjelp til kritisk sjuke eller døyande) som ikkje kan utsettast
3) Utøve sjelesorg som ikkje kan utsettast

Prest kan tilkallast av politi eller helseinstitusjon, kommunalt kriseteam eller annan offentleg styremakt. Private kan også ta kontakt når det gjeld pkt 2 og 3.

Beredskapstelefon for Nordfjord (Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn): 95483803