Avtale dåp
Ein bør sjå gjennom gudstenestelista som ligg både på framsida her på nettstaden og dessutan i kyrkjebladet for Bremanger og Davik. Det er høve til å ha dåp i dei fleste gudstenester, men dette må avtalast med prest.
Dåp utanfor Bremanger
Sjølv om ein ønskjer dåp utanfor Bremanger, må ein kontakte kyrkjekontoret her for å gjere avtale om dåpssamtale. Dåpssamtalen skal nemleg finne stad i det soknet barnet er busett, sjølv om dåpen skjer ein annan stad. Etter dåpssamtalen sender kyrkjekontoret melding til kyrkjelyden som står for sjølve dåpshandlinga.
Dåpssamtalen
Før barnet vert døypt, skal ein ha dåpssamtale med presten. Ein gjer avtale med presten om kvar dåpssamtala skal vere, i heimen eller på kontoret. I samtalen snakkar ein saman om:
- - kva dåpen er
- - korleis dåpshandlinga går føre seg
- - korleis kyrkja kan hjelpe med å gi barnet ei kristen oppseding
Dåpsgudstenesta
Dåpen skjer i hovudsak i ei ordinær gudsteneste i soknet. Dåpen er ei kyrkjeleg handling, så derfor vert heile kyrkjelyden involvert.
Ta kontakt med kyrkjekontoret om det er noko de lurar på.