Ved dåpen vert ein medlem i Den norske kyrkja. Dåpen er det einaste kriteriet for medlemskap i kyrkja. Dersom du er utmeldt av kyrkja og vil melde deg inn igjen, vert du ikkje døypt på nytt. Dersom du er døypt i eit anna kyrkjesamfunn, vert du heller ikkje døypt på nytt.
Det kristne fellesskap - kyrkjelyden
Dei som følgde Jesus fikk i oppdrag å døype og undervise om Guds gode vilje med våre liv. Sidan vår kyrkje døyper barn, unge og vaksne, er det viktig at den enkelte får opplæring i kristen tru. Ved dåpen seier presten m.a. dette til foreldre og fadrar:«De er vitne om at NN/desse er døypt/døypte med den kristne dåpen. Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja har de fått del i eit heilagt ansvar: å visa omsorg for henne/han/dei, be for henne/han/dei, og hjelpa henne/han/dei til å bruka Guds ord og delta i den heilage nattverden, so ho/han/dei kan leva og veksa i den kristne trua.»
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.