Grav og gravminne

Etter gravferda
Kyrkjeleg fellesråd syter for at gravstaden vert planert om lag 6 månader etter gravferda. Ein kan då montere gravminne på grava. Regelen om 6 månaders venting er vedteke fordi det vil ta tid før jordmassane sett seg skikkelig, og ein unngår at gravminnet sig skeivt. Gravminne kan tingast frå gravminneleverandør og frå dei fleste gravferdsbyrå. Firmaet som leverer gravminnet søkjer kyrkjeleg fellesråd om godkjenning før gravminnet kan monterast.

Graver festa saman i ein gravstad
Mange ønskjer å verte gravlagt ved sida av ektefelle, sambuar eller annan i nær familie. I samband med dødsfall kan ein feste graver saman i eit feste. Hovudregelen er då at ein har eitt gravminne på gravstaden.

Gravminne
Om ein skal ha ny inskripsjon på eksisterande gravminne tek gravansvarlege sjølv kontakt med gravminneleverandør. Kyrkjekontoret har oversikt over dei som tek oppdrag på kyrkjegardane.

Sikring og ansvar
Det er graveigaren (festar eller den som er utpeikt for ansvarleg for fri grav) som har ansvar for at gravminnet ikkje er i forfall, eller er til fare/sjenanse. Det er derfor viktig at graveigaren fører tilsyn med gravminnet. Særleg gjeld dette etter kalde vintrar, då svært mange gravminne sig skeivt på grunn av forkastingar i jordmassane som følgje av kulde. Gravminne som velter kan gje svært alvorlege skadar om nokon vert trefte. Kyrkjeleg fellesråd kan gje pålegg om utbetring av avvik dersom ein finn dette nødvendig. Dei som treng hjelp til sikring av gravminne kan kontakte kyrkjekontoret.

Stell av plantefelt
Graveigar har ansvar for stell av plantefeltet. Ein vil oppmode graveigar til jamnleg stell, og slik bidra til at gravfelta skal kunne framstå som velhaldne, t.d. gjeld det at plantar ikkje skal skjule gravminnet eller plantast utanfor plantefeltet).

Kjeldesortering
I samband med stell av grav er det viktig at ein nyttar kjeldesortering av avfall. Kransar, gravlykter, pottar, posar etc. skal i restavfall og planteavfallsdunk (naturavfall) skal i kompostbingen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"