Foreldreinformasjon
Konfirmasjonstida er ofte ei positiv og minnerik oppleving for konfirmanten. I Etnedal ønskjer vi å inkludere foreldra aktivt i konfirmanttida. Dette gjer vi gjennom nokre møtepunkt igjennom konfirmanttida og gjennom foreldreoppgåver. Med ca. 15 konfirmantar kvart år så treng vi dykkar hjelp både til konfirmantleir, nattcup, fasteaksjon, nyttårsball, kakebaking. Noko anna du vil gjere?