Vi er van med å høyre kyrkjeklokkene ringe inn til gudsteneste. Slik er det ikkje no under koronaepidemien. Biskopane har derfor opna opp for at sokna kan ringe inn til helg laurdag kl 17.00 i 5 – 10 minutt.
Når vi høyrer kyrkjekokkene ringe, vil det vonleg gje oss håp om at vi i fellesskap skal klare å kome gjennom denne krisa.
Og at vi om ei stund igjen kan møte kvarandre – også i kyrkja.
Kyrkjeklokkene vil minne om at kyrkja er eit fast punkt i ei uviss tid, og at kyrkja framleis er til stades og inviterer til bøn og gudstenester på nett.
I påskehøgtida vil kyrkjeklokkene ringe i tråd med lokale tradisjonar.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.