Diakoni

I Den norske kyrkja sitt dokument «Plan for diakoni» på side 9 står det slik: ”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.”

I Fitjar sokn har vi ei eigen diakoninemnd som består av: Annbjørg S Tvedt, Inger-Marie Gilje, Grete Sætre, Halvard Wiik, Fridleif Lydersen og Olav J. Oma.

Den norske kyrkja har laga ein mal for korleis ein diakoniplan skal sjå ut. Diakoninemnda i Fitjar er i gong med å laga ein slik plan for Fitjar sokn. Nokre av tiltaka i Fitjar er besøksteneste, sjelesorg, diakoniturar o.a.

Det vil komme informasjon om diakoniturar på heimesida, i Kyrkjebladet og på plakatar. Har du ønske om besøk eller veit om nokon som treng besøk, kan de kontakte nokon av dei i diakoninemnda.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no