Gudsteneste i Fitjar kyrkje

I Fitjar kyrkje har me gudstenester stort sett kvar søndag. Unntak er når me har gudsteneste i krinsane eller til dømes er vekke på kyrkjelydstur. Gudstenestene vil vere annonsert på nettsida vår.

Gudstenestene vil vere ved sokneprest Olav Oma tre søndagar i månaden. Dei andre søndagane er det kyrkjelydsprest, Fridleif Lydersen, som leier gudstenesta. Me varierer gudstenestene våre med ulikt innhald, både ved hjelp av trusopplæringstiltak og ulikt innhald på grunn av dåp og nattverd.

Du kan gå inn på "KVA SKJER?" for nærare informasjon om gudstenester framover.

HJARTELEG VELKOMEN TIL GUDSTENESTE I FITJAR KYRKJE!

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no