Julekonsert med det engelske gutekoret Byron Consort

Fredag 15. desember kjem gutekoret «Byron Consort» frå Harrow School i London for å halda julekonsert i kyrkja kl. 19.30.

Julekonsert med det engelske gutekoret Byron Consort

Harrow School  er ein av dei eldste og mest kjende kostskulane i England, der over 800 gutar mellom 13 og 18 år vert utdanna og bur på fulltid.  Skulen har mange kjende tidlegare elevar, blant dei er kanskje Winston Churchill den mest kjende.

Byron Consort er Harrow sitt elitekor og vart oppretta i 2001 av Philip Evans  som dirigerer koret.  Koret er sett saman av om lag tjue Harrow-gutar og fire til fem vaksne. Koret syng ein kombinasjon av kyrkje- og verdsleg musikk, det meste frå renessansen, romantikken og modernismen.

Heilt frå starten har koret opptredd regelmessig ved gudstenester og konsertar ved Harrow. Dei har også sunge i St Paul’s Cathedral, Westminster Abbey,  St George’s Chapel Windsor Castle, samt mange andre kyrkjer i London.

Koret har vore på mange turar til utlandet. Turneen som dei no legg ut på i Noreg,  vert deira syttande utenlandstur. I tillegg til konserten i Fitjar kyrkje  skal dei halde konsertar i Bergen, Tromsø, Lillehammer og Oslo.

 

Billettpris kr 150 - barn under 15 år, gratis
Billettar kan reserverast ved å senda e-post til kyrkja@fitjar.kommune.no

Trykk på lenkja under for å sjå plakat.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"