Kyrkja vår feirar 150 år

Jubileet blir markert heilt spesielt 19. november 2017. Då skal vi ha jubileumsgudsteneste klokka 11.00. Ordførar, rådmann, fleire tidlegare prestar, prosten og biskopen kjem, og vi håpar at du kjem.

Alle som ynskjer å delta er velkomne til å vera med både på gudstenesta og på festen rett etterpå. På festen vert det servert betasuppe, kaffi og kaker. Det vert enkelt program, og det vert nokre helsingar.

Vi håpar du vil vera med.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no