Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Lys Vaken i Fitjar kyrkje 16.-17. februar

Kjenner du nokon som vert 12 år i år? Dei er hjerteleg velkommen til overnatting i Fitjar kyrkje 16.-17. februar. Me byrjar kvelden kl 18.00. Me skal leike, utforske kyrkja, vere med å førebu gudsteneste, ete god mat og ikkje minst sove i kyrkja. Søndag 17.02 er alle velkomne til familiegudsteneste kl 11.00!

Mange kyrkjer rundt om i heile landet vårt arrangerer Lys Vaken. Det har fått namnet "Lys Vaken" fordi det handler om å vere lys Vaken for det som skjer rundt oss. Me skal vere Lys Vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.

Lys Vaken er for alle som er 12 år i år, anten ein er medlem i kyrkja eller ikkje. Påmelding kan gjerast på e-post til rama@fitjar.kommune.no eller på tlf 95138562. Me treng å vite: namn, adresse, alder, mor/fars/føresette sitt namn, tlf og e-post, om barnet har allergier eller andre behov for oppfølging eller tilrettelegging, som me må ta hensyn til og om det er greit at me filmar/tar bilete under arrangementet som kan publiserast på nett og avis/blad.

Ta kontakt om det er noko du lure på eller om du kan tenke deg å hjelpe til under dette arrangementet. Eksempel på oppgåver er kjøkenteneste, nattevakt og bollebaking.  

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no