LysVaken, 3.-4. februar i kyrkja

Minner om at påmeldingsfristen for LysVaken er på mandag (22.januar). Invitasjonar er sendt i posten til dei som vert 12 år i år. Påmelding innan fristen er viktig for vår vidare planlegging!

LysVaken, 3.-4. februar i kyrkja

Helga 3. og 4. februar ynskjer me barn som blir 12 år i år velkomne til Lys vaken i Fitjar kyrkje. Lys vaken handler om å vera lys vakne for det som skjer rundt oss. Me skal vera lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve. Mange kyrkjelydar i Den norske kyrkja er med og arrangerer dette.

Me samlast laurdag 3.februar klokka 16 i Fitjar kyrkje. Der vil me ha eit variert program med leikar, aktivitetar ute og inne, Bibelforteljing, førebuing av gudsteneste, måltid og sosialt samvær. Når kvelden kjem, søv me over i kyrkja. Søndag et me frukost saman, før me gjer dei siste førebuingane til gudstenesta. Føresette, søsken, besteforeldre og andre vener er sjølvsagt også hjarteleg velkomne på gudstenesta. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi.

Påmelding kan sendast til:
Astrid Prestbø - astridpr@haugnett.no - 976 25 833
Olav J. Oma - olom@fitjar.kommune.no - 906 38 825

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"