Om gravplassen

I det siste har mange leika Pokemon Go på gravplassen. Det blir hoppa bukk over gravstøtter, sprunge over gravplassen og klatra på kyrkjegardsmuren. Ein skal ha respekt for ein gravplass. Ein gravplass er ein minnestad for dei døde og deira pårørande.

Det er leit for pårørande når blomar og anna pynt blir trakka på og øydelagt. Å bruka gravplas­sen som leikeplass kan og vere farlig om ein veltar ei gravstøtte. I staden for å leike Pokemon GO på gravplassen vil vi oppmoda til å bruke mobilen til finne gravane til oldeforeldra, tippoldeforeldre og andre slektningar. Det heng eit skilt ved porten som viser korleis ein finn fram til ei grav ved hjelp av mobilen.

Vi vil oppmoda om å ikkje bruka gravplassen til leikeplass.

Kyrkjeverje Harald Rydland

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no