Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Utdeling av 4-årsbok og innsetjing av ny sokneprest

På laurdag vert det kyrkjevandring for 4 åringane, og på søndag vert det gudsteneste med utdeling av 4-årsbok og innsetjing av sokneprest Roald Drønen.

Denne helga skjer det mykje i Fitjar kyrkje.

Dette er helga me gjer litt ekstra stas på 4-åringane med kyrkjevandring og utdeling av 4-årsbok.

Alle barn som blir 4 år i år er velkomne til å delta. 
Det vart sendt ut invitasjon i posten for nokre veker sidan, men om ein ikkje har motteke invitasjon er ein hjarteleg velkommen likevel. 

På laurdag vert det kyrkjevandring i kyrkja frå kl. 11-13. Då skal 4-åringane sjå seg om i kyrkja, ha minisøndagsskule og kose seg med saft og bollar.

søndag vert det familiegudsteneste kl. 11. Her er 4-åringane med familie og vener spesielt inviterte, og det vert utdeling av 4-årsbok.

Gudstenesta på søndag er også innsetjingsgudsteneste for den nye soknepresten vår, Roald Drønen. Dette vil me feire saman med kyrkjelyden med pizza etter gudstenesta. 

Me vonar mange kjem.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no