Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

«Ynskjesalmekveld» i Fitjar kyrkje torsdag 15. november kl. 19.30

«Ønskekonserten» er det mest populære faste radioprogrammet i Noreg nokonsinne. I radioen sin gullalder skrudde 75% av lyttarane på radioen for å få med seg innsendte musikk-/plateynskje der ein formidla gratulasjonar og helsingar mellom slekt og vener. På «Ynskjesalmekvelden» torsdag 15. november kl.19.30 i Fitjar kyrkje, vil du og mange andre få lov til å syngja favorittsalmen din.

Ynskjer skal ikkje sendast inn på førehand. Dette skal du få lov til å koma med i kyrkja. Kantor Jan Overweg vil sitja klar ved orgelet med koralboka til alle salmane i salmeboka. Mange av oss har ein favorittsalme. For nokon kan det vera heilt frå tidleg barndom. Andre lærte kanskje ein ny salme i konfirmanttida, då pugging av salmar var vanleg. Nokre har spesielle kjensler til ein særskilt salme. Det er fint om nokon har lyst å seia litt om kvifor ein salme er blitt favorittsalmen. 

Varmt velkomen til ein koseleg kveld i Fitjar kyrkje med god og fin salmesong!

 

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no