Gjevarteneste

Med ny kyrkjelydsprest, aukande aktivitet for barn og unge i kyrkjelyden og eit føreståande kyrkjejubileum, treng me hjelp frå dykk! I brosjyren "Saman for fellesskapet" , kan du lese om korleis du kan bidra og gje til kyrkjelyden.

Dei kyrkjelydsprestane me har hatt så langt, har alle delvis vore løna av innsamla midlar. Mange i kyrkjelyden har vore med som faste gjevarar til dette føremålet, medan andre har gjeve spontane gåver og rause offer og kollektar. No treng me å fornya og auka denne tenesta monaleg! Og me trur at det er eit stort potensial for dette i bygda. Fleire har alt sagt at dette vil dei vera med på. Det set me stor pris på! For å opprettahalda barne- og ungdomsarbeidet på det nivået me har no, er det og naudsynt å få inn midlar til dette og. Soknerådet opererer med ein felles konto for alle føremål. Dersom du merkar giroen med «kyrkjelydsprest» eller«trusopplæring», skal du vera trygg på at gåvakjem trygt på rett plass. Du bestemmer. Om du ikkje merkar med noko, nyttar soknerådet gåva der dei finn det mest tenleg. Gåver går uavkorta til øyremerka føremål.

Du kan laste ned pdf-fila nedst på sida. Du kan og laste ned pdf-fila med skjema for fastgjevar, som du nyttar i kontakt med kyrkjekontoret.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no