Fakta om det nye orgelet

I samband med 150 års jubileet for Fitjar kyrkje i 2017 får Fitjar kyrkja nytt orgel. Orgelet vert bygd av Ålems orgelverkstad AB. Bygging starta i januar 2016 hos Ålems i Sverige. Orgelet skal stå ferdig i Fitjar kyrkje våren 2017.

Alle bilete er teikningar v/Jan Overweg @2016 - med forbehold om endringar!

FASADE:
Orgelfasaden frå 1895 - i nygotisk stil - blir delvis vidareført i det nye orgelet. Orgelet kjem lenger fram, og fasaden blir ein del av galleribrystninga. Galleriet vert bygd opp på ny. Det vil få korte sidegalleri som har plass til mellom anna kor. Brystninga får søyler i rekkverk, som vil opna det tidlegare litt tronge og mørke galleriet.

PLASSERING AV ORGELET:
Orgelet vert vesentleg mykje større enn det gamle. Instrumentet får 24 stemmer fordelt over 2 manualer og pedal. Til saman 1368 store og små piper skal få plass i orgelhuset. Heile orgelet blir bygd etter klassiske prinsipp. Spelepulten kjem no på nordsida av orgelhuset.

KLANGEN:
Med 24 stemmer får orgelet ein rik klangpalett. Det vil med sine fyldige grunnstemmer kunna bera salmesongen på ein heil ny måte. Kvar pipe i orgelet blir nøye tilpassa kyrkjerommet. Musikk frå ulike epokar og opphav skal kunna koma til sin rett og inspirera både musikarar og kyrkjelyd.

NOKRE MILEPÆLAR:


03.07.2015 Kontrakt inngått med Ålems Orgelverkstad AB

01.01.2016 Byggjestart hos Ålems i Sverige

15.02.2016 Me er halvveis med å samle inn kr. 1.000.000,-

29.02.2016 Jan Overweg og Harald Skumsnes har besøkt Kongsvinger kyrkje - som har eit liknande orgel av Ålems

03.03.2016 Ein liten avskjedskonsert for orgelet i Fitjar - sidan deler av instrumentet no blir demontert

04.03.2016 Fasaden er demontert og tatt med til orgelbyggeriet







01.09.2016 Kyrkja vert stengt fram til 25.11.2016 pga ombygging av galleriet

26.03.2017 Innviing av det nye orgelet?

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus
(Inngong på baksida)

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
onsdagar kl. 09.00-11.30, 
torsdagar kl. 09.00-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.
Kontaktinformasjon finn du HER.

Telefon: 913 47 802 (kyrkjeverje) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"