Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Velkommen til T10 - Tweens

Tweensklubben og T-teamet inviterer deg til T10 Tweens fredag 19. oktober kl. 18-21 i Fjell kyrkje.

Kjære femteklassing!

I år fyller du 10 år og er ein «tweensar».

T10 har temaet SAMAN. Det er godt å ha nokon å vere saman med, ein plass der vi er rekna med, der det skjer kjekke ting og der vi blir aksepterte som dei vi er. Tweensklubben i Fjell kyrkje er ein sånn plass.

I kyrkja møtest mange 10-13-åringar annankvar fredag kveld. Dei inviterar no  deg og venene dine i femte klasse til å begynne på klubben. Kjem du? Etter denne kvelden kan du bestemme deg for om dette er ein klubb du har lyst til å fortsetje i.

Ta med T-dagsmappa di (om du har den), og nokre småpengar til kiosken!

Meld deg på T10 Tweens nedst på denne sida. Til vanleg er det inga påmelding til Tweens, men denne gongen er det praktisk for oss som jobbar i T-dagen å vite om du kjem! Håpar å sjå deg!

Program:

•Kl. 18-19: Svisj - vi er saman! Denne første timen er berre for T10-arane (femteklassingane). Vi blir kjent med kvarandre og førebur oss på ein kjekk klubbkveld.

• Kl. 19-21: Tweensklubb-kvelden i Fjell kyrkje: Kiosk, ballspel, hobbyaktivitetar, bordtennis, playstation, band, song, andakt, leik og fellesskap.

Kontaktinformasjon for Trusopplæringa i Fjell, Foldnes og Landro sokn

Besøk oss på Temahuset!

Tytebærbrekko 2, Straume

Opent kvardagar 9-15

Postboks 184

5342 STRAUME

Telefon: 55 09 74 40

post.kyrkja@fjell.kommune.no

NO 976 995 201 MVA

Kontonummer: 8580.14.09453