Fjell kyrkjelege fellesråd

Endra ekspedisjonstid i sommar

Kyrkjekontoret i Fjell har endra ekspedisjonstid frå og med 26. juni til og med 11. august. Ekspedisjonstida er i denne perioden måndag-fredag kl. 10.00-14.00. For vakttelefonar sjå under fana Kontakt oss.


Med himmel over livet og føter på Fjell!

Kyrkja i Fjell ønskjer å gje eit himmelperspektiv over livet. Vi trur på ein god Gud som ser oss og som gjev oss stor fridom i eit liv nær Jesus. Vi har føter på Fjell i dobbel betydning. Vi ønskjer å være lokalt forankra i arbeidet vårt, og samtidig står vi fast på noko urokkeleg og trygt som fjell – Jesu frelse og evangeliet om Guds rike.