Dåp

Når eit barn blir boren til dåp blir vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følgje barnet alle dagar.

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og følgje han. Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv.

Alle som ønskjer dåp er velkomen til å ta kontakt for meir informasjon. Alle barn som er fødte i Fjell kommune, der ein av foreldra er medlem av kyrkja, vil få ein invitasjon til dåp i posten. Dei som ønskjer dåp i ei av våre kyrkjer melder seg på nederst på denne sida: "Påmelding til dåp"

Sitat

Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort. Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.» Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

Markus 10; 13-16