Bli med på fasteaksjonen!

Fasteaksjonen er Kirkens Nødhjelp sin årlege innsamlingsaksjon. Med utgangspunkt i dei tre kyrkjene våre er konfirmantar og frivillige med på å gå med bøsse i sitt nærområde. I 2017 blir Fasteaksjonen 2. april kl. 16.00-19.30.

Tradisjonen tru går Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon av stabelen ei veke før palmesøndag. Årets tema er "Ja, vi elskar dette vatnet".

Fasteaksjonen har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest. Kirkens Nødhjelp driv arbeid for ei rettferdig verd i mange land verda over.

I år feirar vi femti år med Fasteaksjonen og sytti år med Kirkens Nødhjelp. Sidan 1967 har kyrkjelydar over heile landet løfta aksjonen til stadig nye høgder. Fasteaksjonen gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å reagere raskt og med stor kraft ved akutte katastrofar, samtidig som dei kan fortsetje med sine langsiktige utviklingsprosjekt.

I år feirar vi det reine, livgivande, livsnødvendige vatnet. For reint vatn er ikkje berre ein menneskerett. Reint vann er ikkje berre ei kjelde til helse, tryggleik og utvikling. Tilgang til reint vatn gir tid og overskudd til å realisere drømmar, til å skape seg ei framtid, og ja, til å leike.  

I år feirar vi  at ni av ti menneske har tilgang til å drikke og vaske seg utan å måtte gå lange vegar for å hente vatn, og utan å bli sjuke. Vi feirar framstega, og samtidig vil vi fortsetje arbeidet til alle i verda har fått ein plass rundt bordet. Framleis manglar 670 millionar menneske tilgang til reint vatn. I år skal over ein million nye menneske få bærekraftig tilgang til reint vatn, berre gjennom Kirkens Nødhjelp sitt arbeid! 

 

Som ein del av kyrkja har vi fått eit ansvar for verda, og vi ønskjer å dele av alt det vi har fått med dei som har fått lite. Derfor ønskjer vi som kyrkje å sette fokus på Fasteaksjonen. Ein enkel måte å vise at vi bryr oss, også om menneske vi ikkje kjenner.

I fjor samla vi inn over 200 000 kr til Fasteaksjonen i Fjell, Foldnes og Landro.
Ver med å gjere årets resultat endå bedre!

Til Fasteaksjonen treng vi hjelp frå frivillige som bøsseberarar, bollebakarar, sjåførar og praktisk hjelp (registrering av bøsseberarar og teljing av pengar)under aksjonen.