Konfirmasjon 2018

No er konfirmasjonsdatoane for 2018 klare.

Fjell kyrkje

Laurdag 5. mai: Knappskog – Skålevik (Algrøy/Syltøy) – Tellnes

Søndag 6.mai: Ekerhovd – Kolltveit – Ulveset

 

Foldnes kyrkje

Torsdag 10.mai: Foldnes
(Kristi himmelfartsdag)

Laurdag 12.mai: Hjelteryggen – Liljevatnet

Søndag 13.mai:  Bjorøy – Brattholmen

 

Landro kyrkje

Laurdag 12. mai: Landro – Misje – Spjeld

Søndag 13.mai: Ågotnes

 

I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, går det heilt fint å be om ei anna kyrkje eller ein annan dag.

 

Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta

Det vil bli to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane (kl.10.30 og kl.12.30). Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er.

Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.

 

Endringar på grunn av soknedeling

1.november 2015 blei Fjell kommune delt inn i tre sokn. Dette får konsekvensar for nokre av konfirmantane frå Knappskog krins.

Tidlegare har konfirmantar frå Knappskog kunne velje mellom konfirmasjon i Fjell eller Landro kyrkje. Nå er det satt opp nye soknegrenser, så alle som bur i Knappskog krins soknar til Fjell kyrkje. Unntaket er konfirmantane frå Spjeld, som soknar til Landro kyrkje.
(Spjeld= Fløythaugen, Malenevegen, Skjergardsvegen nr. 1091-1136, Spjeldsfjellet, Spjeldshaugen, Spjeldsvegen, Vindskarvegen og Øvre Spjeld.)

 

Det vil bli påmelding til konfirmantåret på nettsida etter 1.mai.