Gravferd

I gravferda tek vi farvel med den døde. Vi takkar for livet og overlét den døde til Gud.

Døden kan vere vanskeleg å gripe. Å miste er tungt å ta inn over seg. Gravferda gjer døden og avskilet meir konkret. Å samlast om kista til takk og avskil er ein stoppestad på vegen gjennom sorga. Mange kjenner seg hjulpne av dei kjende rammene gravferdsgudstenesta gjev. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde.

Ei kyrkjeleg gravferd er samstundes ei offentleg handling. Det er eit fellesskap som markerer at eit liv er slutt. Ved avskilet syner vi respekt for den døde, for livet som har vore og for livet som skal levast. I gravferda får vi takke og minnast. Her er rom for gråt og klage. Vi kan òg få løfte fram for Gud det som ikkje blei slik det skulle mellom oss. Gravferdsgudstenesta er ei bøn om forsoning, framtid og håp.