Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Konfirmantjubileum 2018

Sidan 1969 har det vorte skipa til konfirmantjubileum i Fjell kyrkje, så dette kan trygt kallast ein tradisjon.

Søndag 14. november var i underkant av 60 jubilantar frå kulla 1943, 1948, 1958, 1968 og 1978 samla i Fjell kyrkje til gudsteneste, middag og kaffi. Som tidlegare år, fekk vi høyre om dei forskjellige kulla si oppleving av «å gå for presten», om sjølve førebuinga, kva klede ein fekk, korleis samkoma var heime etterpå, kva som vart servert av mat, og ikkje minst kva ein fekk av gåver. Her har mykje endra seg sidan. 75-årsjublilantane hadde si førebuing og kon­firmasjon i 1943.


Ei glad forsamling sytte for god stemning, det er tydeleg at det er mykje å snakka om og mange minner vert delt! Bjarte Nese, som også forretta under gudstenesta, leia oss på ein fin måte gjennom ­desse timane, og Royal Cateringservice hadde som vanleg ei god hand om mat og servering.