Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Konfirmantjubileum 2018

Dette året vert konfirmantjubileet søndag 14. oktober i Fjell kyrkje og årets jubilantar er dei som er konfirmerte i 1933, 1938, 1943, 1948, 1958, 1968, og 1978.

Vi ­startar med gudstenesta kl. 11.00, og etter denne skal vi ta nokre jubileumsbilete inne i kyrkja før vi flyttar oss til kyrkjelyds­salen for middag, kaffi og kaker. Pris kr. 375,–. I tillegg kjem kr. 65,– for de som ynskjer bilete tilsendt.

Vi sender brev til dei som vi har adressa til, men veit av erfaring at vi ikkje når alle. Vi er takksame for å få tips om namn og ev. adresse viss du veit at nokon frå kullet ditt har flytta, eller tidlegare ikkje har motteke invitasjon. 

Påmelding til kyrkjekontoret i Fjell tlf. 55 09 74 40 ­innan fredag 5. oktober, eller på mail til; g-fjela@online.no innan tysdag 09. oktober. I tillegg til namn, ynskjer vi å få ­konfirmasjonsår, telefon­nummer og adresse.