Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Utviding av gravplassen på Landro

Eksisterande gravplass på Landro har få ledige graver. Det er ei rekkje festa graver som ikkje er brukt enno (doble graver), men det er stor trong for nye graver. Arbeidet med å utvida gravplassen på Landro har høg prioritet i kommunen og kyrkjeleg fellesråd.

Området som er regulert til utviding av gravplassen ligg langs vegen mellom Landro og Vindenes, rett etter avkøyringa til Landro kyrkje, på sørsida av vegen når ein køyrer mot Vindenes.

Reguleringsplanen omfattar mellom anna gravplassområdet og vegen som følgjer dalsøkket. Reguleringsplanen er godkjent av Fjell kommunestyre.

Det er eit stor behov for å auke talet på graver på Landro graplass for å dekke behovet i åra som kjem. Den nye gravplassen ligg i området som vist på biletet. Løa ein ser på biletet vert tatt vare på og skal nyttast av kyrkjeleg fellesråd når det gjeld drift av gravplassen. 

På den utvida gravplassen er det planlagt ca. 840 nye graver. Av disse er ca. 540 ordinære graver, ca. 300 plasser for urnegraver og rundt 40 gravplasser skal vere for andre trussamfunn. Det vert også planlagt for ein minnelund. I tillegg skal det etablerast tilhøyrande stiar, vasspostar, murar, gjerde med port, vegetasjon og benkar.
Ved sørvestleg tilkomst til ny gravplass vert det planlagt for to ­plassar HC parkering og eit avskjerma drifts­­areal. Utforming av ny gravplass tek utgangspunkt i området sine eksi­sterande kvalitetar i terr­eng, vege­tasjon og jordbruksbygg. Fjellskråning og vegetasjon i søraust skal behaldast i størst mogleg grad. Øvrig terreng skal fortrinnsvis planerast til meir eller mindre same nivå som dagens terreng. Eksisterande bekk som renn ned frå fjellskrenten aust for løa, skal bevarast og førast inn i gravplassen som eit positivt element.

Det er eit mål å få ferdigstilt den nye gravplassen så snart det let seg gjere, ut i frå prosess og byggetid. Det har vore arbeida kontinuerleg med dette tiltaket sidan sommaren 2017. Planlegginga er ferdig og ein går over i tilbodsfase for utføring av arbeidet. Det vert gitt nærare informasjon i kyrkjebladet når anleggsarbeidet er i gong og det er ein avklart tidsplan for arbeidet.

Oversiktskart over området. Den nye gravplassen vises til høgre i kartet.