Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Adventshelg i FUNK!

Den andre helga i desember er den store adventsfesthelga i FUNK. I Fjell kyrkje blei det feira 3 dagar til ende!

Det starta med eit brak på fredagen, der over 100 tweens, tweens+ og vaksne var samla til Tweensklubben sin årlege adventsfest. Først var det god mat og dessert i kyrkjelydssalen, før underhaldningsavdelinga tok til inne i kyrkja.

Her var det mange tweens som deltok med både vitsar, song og dans. Vaksenleiarane slo til med eigenkomponert dans, i matchande, stripete kler og tweens+ hadde «premiere» på filmen dei har laga. Heilt til slutt fekk Jon Andreas hjelp frå tweens+ til ein juleandakt.

 

På laurdagen var det FUNK sin adventsfest som stod for tur. Då folk begynte å komme i 7-tida, hadde festkomitéen allereie vore i aksjon i mange timar. Heile kyrkjelydssalen var stemningsfullt pynta, og lyd og scene var satt opp både i kyrkjelydssalen og inne i kyrkja.

Mens snøen dalte ute, var det god stemning inne. Med medbrakt koldtbord, damenes og herrenes tale, konkurransar, god humor og julemusikk, leia Iver og Amanda ungdommane gjennom programmet.

Inne i kyrkja var det julekonsert med stor allsongfaktor. Bandet, som var satt saman for anledninga, bestod av Knut Erling, Mathias, Lars, Erik Martinus, Peder og Anne Oline.

Sketsjeklubben frå ungdomsteamet hadde sjølvsagt eit innslag, og sidan teamet nå manglar folk med rette dialekta, blei det videooverført «Snikker Andersen» frå tidlegare ungdomsarbeidar Eirik på Hamar. Til slutt blei heile kvelden avslutta med ei adventssamling med andakt inne i kyrkja.

 

På søndagen var det konfirmantane som var i aksjon i både Fjell og Foldnes kyrkje. Ei gruppe konfirmantar i kvar kyrkje var med på å arrangere lysmesser. Med lystenning og lesing av bøner og bibeltekstar, var konfirmantane med å skape ei stemningsfull gudsteneste der dei  sette fokuset på han som sa at han var verdens lys.