Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Anleggsarbeid på Straume gravplass

I perioden 28. mai til og med 22. juni blir det anleggsarbeid på Straume gravplass. Delar av gravplassen skal drenerast.

Vi hadde i år 2000 og 2008 eit omfattande arbeid med drenering på Straume gravplass. Dessverre er det ein del av gravplassen som har stått att, og denne delen har vi planar om å drenere no. Det dreier seg om dei fem øvre rekkjene på høgre felt når ein går inn ved klokketårnet.

Arbeidet vil bli utført av driftsseksjonen ved Fjell kyrkjelege fellesråd.

Tidspunkt for oppstart er måndag 28. mai, og arbeidet er venta ferdig innan 22. juni.

I anleggsperioden vil delar av området verte avsperra av tryggleiksmessige omsyn.

Gravlegging i anleggsperioden

Det vil vera råd å ta i bruk reserverte graver i anleggsperioden. Anleggsarbeidet vert stansa under seremonien på gravplassen, men delar av gravplassen vil bera preg av å vera eit anleggsområde.

Vi ber om forståing og tolmod i anleggsperioden.

Eventuelle spørsmål kan rettast til driftsleiar Norvald Snekkevik (tlf. 93070741), som vil vera prosjektleiar for arbeidet.

Olav Martin Vik                                                                                                           

Kyrkjeverje i Fjell, Sund og Øygarden                                    

Norvald Snekkevik

Driftsleiar Fjell kyrkjelege fellesråd