Godhet 2016

I tre dagar har mange flotte og flinke dugnadsfolk gitt av tida si, for å bety noko for å hjelpa andre.

Basen var Fjell kyrkje, kor det òg var bilvaskestasjon, med vaflar og kaffi til dei ventande sjåførane.

Heile 13 ulike små og store oppdrag har vi gjennomført. Mykje maling, luking, hagearbeid og vasking. Glade andlet overalt! Det kan de sjå på bileta lenger nede på sida.

Sjølv om Godhet Fjell 2016 er historie, er heldigvis ikkje godheit over for i år. Godheit er noko vi skal vise og gjere heile tida, heile året!

"Små ting gjort i kjærleik, kan endre verda!"