Bli med på Godhetsfestivalen!

29. og 30. mai og 1. juni kl. 16.00-20.00 er det #godhetfjell i Fjell, Foldnes og Landro sokn. "Små ting gjort i kjærleik kan forandre verda."

Fjell kyrkje vil vere base desse dagane. Det blir bilvask utanfor Landro og Fjell kyrkje og reparasjon av syklar ved Foldnes skule, i tillegg til ulike oppdrag for menneske rundt omkring i kommunen vår.

Blir DU med ein eller fleire ettermiddagar?

DU KAN

gå inn på www.godhet.no eller ringa kyrkjekontoret på 55 09 74 40.

Der kan du:

  • melda eit behov for deg sjølv eller andre: Alt som kan gjerast på ein ettermiddag.
  • melda deg som frivillig ein eller fleire ettermiddagar. Rimeleg middag i Fjell kyrkje høyrer med.

Vi treng òg:

  • frivillige til synfaring før vi aksepterer eit innmeldt arbeid.
  • frivillige til serviceteam som skaffar mat og køyrer rundt med mat og utstyr.
  • bakarar som kan bake bollar eller anna, og som kan transportere til dei frivillige.

I år blir #godhetfjell arrangert av Fjell, Foldnes og Landro sokn, saman med MetSo (Metodistkyrkja) og Saron.

Men vi får ikkje gjort så mykje utan at DU blir med!

Ta gjerne kontakt med kontaktpersonen i ditt sokn, dersom du ønskjer meir informasjon.