Strålande konfirmantleir på Skjergardsheimen!

Helga 28.-30. oktober var det 60 konfirmantar, ungdomsleiarar og vaksne samla på konfirmantleir. Temaet for helga var LOVED - du er elska av Gud.

Det var ei flott helg med bra undervisning, masse sosialt, morsomme leikar, Stratego, ulike aktivitetar, misjonstime, UngMesse og leirkveld med mykje gøy.

Ein av aktivitetane på laurdagen var ei fotogruppe, som tok mange flott bilete frå leiren. Eit lite utval finn du nedst på sida.

Takk for ein strålande leir!