Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Innsetting av ny sokneprest i Foldnes

Ny sokneprest i Foldnes sokn, Maria Tveten, vert innsett i stillinga i Foldnes kyrkje søndag 25. mars kl. 11.00.

7. februar blei Maria Tveten tilsett som sokneprest i Foldnes sokn av Bjørgvin Bispedømeråd, og Tveten har takka ja til stillinga. 

Maria Tveten vil bli innsett i stillinga som sokneprest under gudstenesta i Foldnes kyrkje søndag 25. mars kl. 11.00 (palmesøndag).

Maria Tveten blei ordinert i 2012 til teneste som ungdomsprest i Fjell kyrkjelege fellesråd, kor ho har vore tilsett fram til i fjor. Ho er difor godt kjent i kyrkjelyden.