Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Konfirmantjubileum 2017

I år er konfirmantjubileet lagt til søndag 15. oktober i Fjell kyrkje. For info om konfirmantkull, påmelding og program, les her.

Dette året vert konfirmantjubileet søndag 15. oktober, og jubilantar er dei som er konfirmerte i 1932, 1937, 1942, 1947, 1957, 1967 og 1977.

Vi startar med gudsteneste i Fjell kyrkje kl. 11.00, og etter at denne er ferdig, flyttar vi oss til kyrkjelydssalen for middag og kaffi og kaker.

Pris kr. 375,- og i tillegg kjem kr. 50,- for dei som ynskjer bilete tilsendt.

Vi sender brev til dei som vi har adressa til, men veit av erfaring at vi ikkje når alle. Vi er takksame for å få tips om navn og eventuelt adresse dersom du veit at nokon frå kullet ditt har flytta, eller tidlegare ikkje har motteke invitasjon. 

Påmelding til kyrkjekontoret i Fjell på tlf. 55 09 74 40 innan 06.10, eller på e-post til g-fjela@online.no