Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Markering av Krystallnatta

Det blir markering av Krystallnatta i Straume Forum torsdag 9. november kl. 18.00. Journalist og forfattar Mona Levin skal halde tale, og det blir appellar og kulturelle innslag i programmet.

"Vi må ikkje gløyma det som hende Krystallnatta. Stå opp mot antisemittismen" er temaet for markeringa som skjer i Straume Forum torsdag 9. november kl. 18.00. 

Det blir appellar og kulturelle innslag, og tale ved journalist og forfattar Mona Levin. 

Arrangør er: Krystallnattkomiteen, Sartora Tankesmia

For å sjå annonsa med programmet og bidragsytarar i fullt format, klikk på lenka heilt nedst. 

(I sist Fjell kyrkjeblad kom vi i skade for å trykke fjorårets annonse for Krystallnatt-arrangementet. Rett annonse er lagt inn her på nettsida. Vi beklagar feilen).

Fakta om Krystallnatta:

Krystallnatta er nemninga på natta mellom 9. og 10. november i 1938, og markerer starten på ei dramatisk opptrapping av jødeforfølginga i Tyskland (Wikipedia).