Velkommen til adventsgudsteneste

Søndag 27. november kl. 11 blir det flott "T3 - adventsgudsteneste" for heile familien i alle dei tre kyrkjene våre, og etterpå blir det skikkeleg kyrkjekaffi med markering av at T-dagen er 10 år i år. Hurra!

Dette blir ei gudsteneste for alle, både store og små og dei midt i mellom. Det blir utdeling av kalenderbok til treåringane, derfor vil vi gjerne at de melder dykk på førehand, slik at vi veit kor mange treåringar som kjem.

Påmelding skjer her: www.t-dagen.no. Men dersom du ikkje rekk å melde deg på: Kom likevel! Vi tek med nokre ekstra kalendrar. Velkomen, alle saman!

Helsing Kari, Olav og Terje (Fjell kyrkje), Søgnie, Eline og Bjarte (Landro kyrkje) og Elisabeth, Aasmund og Atle (Foldnes kyrkje).