Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fjell kyrkje

Fjell kyrkje ligg på Fjell Gard og vart vigsla 28. august 1874 av biskop Birkeland. Ho er den eldste kyrkja i Fjell kommune. I kallsboka vart det skrive; "Kirken ærklæres som en av de skjønneste landskirker i Riget" og me kan stadfesta at det er ei vakker kyrkje!

Kyrkja er ei såkalla langskipskyrkjemed 700 sitjeplassar, der alteret står lengst framme. Glassmåleriet som pryder kyrkja vart laga i England etter teikningar av Heinrich Oidtmann , lege i Linnich/Reihnland . Elles har kyrkja vakre veggmåleri. Ein kopi av ein Olavsfigur er plassert på veggen midt i kyrkja, originalen er av eiketre og står til vanleg på Historisk museum i Bergen. Kyrkja har og eit gamalt alterskap som vart funne i ei løe på Liaskjæret. Denne stammar etter alt og døme frå den eldste kyrkja i Fjell, (ca 1400-talet), og viser helgenane St.Olav og St. Sunniva. Inne i dette alterskapet er det sett inn ei altertavle frå 1843 som skildrar nattverden.

Kyrkja har to kyrkjeklokker med innskrift, laga ved Laxevaag Verft til vigslinga i 1874. Kyrkja er ei av få langskipskyrkjer i landet som ligg nord/sør.  Kyrkja har vernestatus.