Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledige stillingar: UNGDOMSARBEIDARAR

Ønskjer du ein deltidsjobb der du får dele bodskapen om Jesus med ungdom? Kanskje er du student? I denne jobben som ungdomsarbeidar får du verdifulle erfaringar innan formidling, relasjonsbygging og teamarbeid!

I Fjell kommune bur det ca 25 000 menneske. Av desse er 3700  unge i alderen 10-19 år. Dette gjev oss spanande utfordringar ut frå ønskje om at denne gruppa skal få oppleve gode møte med kyrkja. Visjonen til Ungdomsrådet i Fjell er: «Vi vil at unge i Fjell skal få bli kjent med Jesus og vokse i troen på Ham».

Soknet har ca 250 konfirmantar pr. år.

Kommunesenteret ligg 15 min køyring frå  Bergen sentrum. I Fjell kyrkjelege fellesråd er det 3 sokn; Fjell, Landro og Foldnes sokn. Vi er  33 kyrkjeleg tilsette, som jobbar bevisst  med å vere ekte, livsnære og tydelege medarbeidarar, som vil løfte fram menneskeverdet i arbeidskvardagen vår. Les meir om oss på www.kyrkja.no/fjell, ta ein telefon  eller kom gjerne innom oss i kontora våre på Straume.

 

Fjell kyrkjelege fellesråd søkjer tre ungdomsarbeidarar. Kvar stilling 30% engasjement i eitt år. Anna stillingsprosent kan vurderast. Tiltreding 7. august.

Sokneråda ønskjer å prioritere  ungdomsarbeid, og søkjer etter tre ungdomsarbeidarar som trivst med ungdom, og som vil vere med på vidare utvikling og styrking av ungdomsarbeidet i Fjell, Foldnes og Landro sokn. Ungdomsarbeidarane er ein del av eit team som jobbar med ungdomsarbeid på tvers av sokna.

Arbeidsområde:

  • Delta i leiartrening for unge
  • Delta i koordinering og utvikling av tiltak og arrangement for tweens og ungdom
  • Vere aktiv i miljøet, delta på nokre leirar, Ung Messe og andre aktivitetar og arrangement for ungdom
  • Vere konfirmantlærar og vere med i planlegging og gjennomføring av ulike konfirmantarrangement
  • Følgje opp og utruste frivillige medarbeidarar til teneste i ungdomsarbeidet i kyrkjelydane
  • Administrere Facebooksida FUNK som vert brukt av ungdom i Fjell

Personlege eigenskapar:

  • Evner til god kommunikasjon og formidling i møte med unge.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og langsiktig
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å byggje gode relasjonar

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning og/eller utdanning

innan teologi/livsynsfag/kristendomskunnskap er ønskjeleg.

  • Erfaring frå arbeid med unge i kyrkja og/eller frivillige organisasjonar.

Vi kan tilby

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap
  • Tilsetting på dei vilkår som går fram av lover og reglement og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjons tariffavtalar.

Anna:

Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i Ungdomsteamet utfyller kvarandre.

Kvelds- og helgearbeid må påreknast.

Administrasjonsspråket i Fjell sokn er nynorsk.

Søkarane må vere medlemmar av Den norske kyrkja.

Dei som vert tilsette, må leggje fram politiattest utan merknad.

 

Søknadsfrist: 05.06.2018