Vigsel i kyrkja

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta blir gitt med vitne til stades og framfor Gud.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling. Eit bryllaup i kyrkja kan vere enkelt eller påkosta. Brudefolka kan vere unge eller godt vaksne. Dei kan feire dagen med familie, slekt og venner, eller dei kan sei ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja blir livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. I Den norske kyrkja kan ekteskap berre bli inngått mellom ei kvinne og ein mann.

Dersom de ønskjer kyrkjeleg vigsel, tar de kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dato og tidspunkt for seremonien. Kyrkjeleg vigsel er ei handling av gudstenesteleg karakter. Sjølv om handlinga er fastlagd, er det likevel mogleg å setja eit personleg preg på det som skjer i kyrkja. Det er Folkeregisteret som undersøker om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sjølve skaffe Prøvingsattest/ Melding om vigsel frå Folkeregisteret, og levere dei til kyrkjekontoret i forkant av vigselen. Dette bør gjerast i god tid, men hugs at prøvingsattesten de får tilbake frå Folkeregisteret, berre er gyldig i 4 månadar.

Sitat

Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han.

1 Joh 4, 16