Bøn er viktig for oss alle. Når me ber, får me roa ned i kvardagen, og me får sett av tid til å prata med han som er vår skapar og forsonar. Bøn går som ein tråd gjennom heile Bibelen - frå dei fyrste stamfedrene til dei apostoliske breva, står bøna der som ein naturleg del av livet med Gud. I Salmane bed dei ved å kalla på Gud i song; tollaren i Jesu likning slår seg for bringa og seier: "Gud, ver meg syndar nådig." Me trur på krafta som ligg i det å be, og me trur at Gud ser og høyrer oss, til og med i det løynde - og at han svarar med det som er godt.
I Fusa sokn har me fleire samlingar fokusert på bøn: Bibel-, bøn-, og lovsongskveldar, bønefrukostar, og bønesamlingar. Du kan lesa meir om desse på sida Andre samkome. I tillegg har me ein bønekontakt i Margunn Sæther, for dei som ynskjer særleg forbøn, og me oppfordrar òg til å ta kontakt med kven som helst på kyrkjekontoret om du vil ta opp eit særskild bøneemne.
Nedanfor kan du finna Den norske kyrkja sin digitale bønevegg, der du kan skriva inn ei bøn du har - eller tenna eit virtuelt lys - for noko du tenkjer på og ynskjer å leggja fram for Gud. Merk at denne bøneveggen er offentleg, og alle bønene som står der kan bli leste. Pass difor på å ikkje bruka namn eller andre identifikasjonsmerke i bønene.