Gudstenesta er hjarteslaget for kyrkjelyden, ein stad der me kan samlast for å oppbyggja einannan og høyra kva Gud har å seia til oss. I Fusa har me mange ulike gudstenestestader (du kan lesa meir om desse på sida Kyrkjene våre), og mange ulike gudstenesteformer. I tillegg til vanlege høgmesser rundtom i kyrkjene, har me familie- og ungdomsgudstenester på Eikelandsosen bedehus, høgtids- og andre markeringsgudstenester, og når vêret er varmt nok set me gjerne opp friluftsgudstenester både på fjellet og på flat mark.
Kvar kyrkjekrins har ei eller to gudstenester kvar månad. Dei fleste gudstenestene varar mellom tre kvarter og fem kvarter, som avhengjer av forma og kva som står på programmet.
Under Dokument, lenger nede på sida, kan du finna ei liste over gudstenestene som kjem dette halvåret (med atterhald om moglege endringar); her kan du òg sjå kva for gudstenester som er opne for dåp, om du skulle ynskja det! Denne informasjonen er òg tilgjengeleg i kalenderen.