Nye Fusa kyrkje vart ferdig oppført i 1961 og vigsla 2. september året etter. Arkitekten var Ole Halvorsen, med Sjur A. Småbrekke som byggmeister. "Altartavla" er eit freskomålarstykke av Bjørn Tvedt, og viser Jesus som talar til kvinna ved brønnen og byd ho livsens vatn.
I dag er kyrkja i flittig bruk, med gudsteneste vanlegvis to gongar i månaden, og ser elles aktivitet frå Fusa kyrkjekor. Den har plass til rundt 360 menneske, inkludert galleri og småsal.
Kyrkja ligg ytst på Opsalneset, forbi Fusa Auto. Det ligg òg to kyrkjegardar ved kyrkja: Fusa kyrkjegard, som ligg mellom kyrkja og den gamle prestegarden, eit par hundre meters gonge ifrå; og Fusa vest kyrkjegard, som ligg rett utanfor kyrkja.
Gamle Fusa kyrkje brann ned 11. januar 1959, då det tok fyr etter bruk av vedomnane i kyrkja under gudstenesta den dagen.