Kyrkja vart vigsla 15. november 1857 og erstatta då den førre kyrkja, etter at nye byggjelover stilte krav om storleiken på kyrkjene. Kyrkja me har no, er den største i heile Fusa sokn, med plass til rundt 460 personar alt i alt. Dei fyrste åra den stod, var den privat eigd, men frå 1. januar 1870 stod den under Strandvik soknestyre sitt eige. I dag plar kyrkja ha gudsteneste ein gong i månaden.
Altartavla er måla av C. Christiansen, og er ein kopi av eit Rubens-maleri. Ho viser Jesus i det han blir teken ned frå krossen, med sitat frå Johannes 1,29: "Se det Guds Lam, som bærer Verdens Synd". Rundt altaret har kyrkja òg glasmåleri med sitat frå likningane om såkornet (venstre side) og den gode hyrdingen (høgre side).
Rett utanfor kyrkja ligg Strandvik kyrkjegard, men gravplassen som er mest i bruk i Strandvik er Aakre gravplass, som ligg nærare barneskulen.