Allereie i 1906 starta det som då heitte Søndre Strandviks kirkelag å samla inn pengar til Sundvor kyrkje. Bygget stod ferdig i 1926, men vart vigsla fyrst 14. oktober året etter med stor seremoni; med oppføringa vart Sundvor oppretta som eit eige sokn. Arkitekt var Erlend Tryti, og Engel Sundfjord var byggmeister. I dag er det gudsteneste i soknet rundt ein gong i månaden, og kyrkja har sitteplassar til rundt 160 menneske.
Kyrkja ligg plassert nesten for seg sjølv, då mykje av Søre luten er spreidd rundt, og ynskjet var å ikkje bitta kyrkja til ei enkelt bygd. Altartavla de kan sjå på biletet vart måla av Frida Rusti, og inneheld ordet om Kristi fred, frå evangeliet etter Johannes.
Det er ikkje nokon kyrkjegard nær ved kyrkja, men tre gravplassar er knytte til soknet: Hjartnes, Nordtveitgrend og Baldersheim gravplassar. Av desse er Baldersheim størst og Nordtveitgrend nærast, medan vetle Hjartnes ved havet er kjend som særleg vakker.