I år fell minnegudstenesta på sundag 1. november, allehelgensdagen. Ho vert i Fusa kyrkje klokka 19:00. Dette er ei spesiell gudsteneste der alle som har gått vekk i Fusa sokn sidan i fjor, vert leste opp og minna med lystenning. Alle som har mista nokon dei siste tolv månadane er særleg inviterte.
Det vart sende ut brev om dette tidlegare. Der stod det at gudstenesta var 3. november - me orsakar trykkfeilen!
Velkomen til gudsteneste og minnestund.