0 år: Utdeling av dåpsperm og CD
- Desse vert utdelte under dåpssamtalen, til odel og eige. Bruk dei saman med bornet!
0-2 år: Babysong/Musikk fra livets begynnelse
- Musikk, song, og dans for dei minste, og sosialt for foreldra. Seks samlingar over seks-sju veker, ein gong i semesteret.
1-2 år: Gåver i posten
- Barnet får tilsendt ei laminert helsing når dei vert eitt år, og ei spisebrikke når dei vert to.
3 år: Utdeling av adventskalendrar
- Me inviterer borna til gudstenesta fyrste sundagen i advent, der dei får ein fin kalendar med bibelsk innhald.
4 år: Fellessamling på gudsteneste
- Her får dei utdelt ein barnebibel. Samlinga foregår ofte saman med den for dei som er fem år.
5 år: Hausttakkefest på gudsteneste
- Femåringane får utdelt eit korssmykke. Samlinga foregår ofte saman med den for dei som er fire år.
6 år: Dåpsskule
- To til tre samlingar med trusundervising, og utdeling av diplom på ei gudsteneste som avslutting.
8 år: Tårnagentdag
- Borna får lov til å utforska ei kyrkje som tårnagentar ein haustlaurdag. Dagen etter er det gudsteneste.
9-10 år: Misjonstivoli
- Skjer år om anna. Misjonstivoliet er fullt i aktivitetar, og inntektene går til misjon.
11-12 år: Lys vaken
- Borna får overnatta i kyrkja, og etter at dei står opp hjelper dei til å laga gudsteneste.
Frå 5. klasse: Tweensklubb KLUBBEN på Eikelandsosen bedehus fredagar etter plan.
13 år: Sommarfest og informasjon om konfirmantåret
- Me informerer om konfirmasjonstida til potensielle konfirmantar. Skjer i juni.
14-15 år: Konfirmasjon
- Eit opplegg som går gjennom nesten heile skuleåret, frå september til mai. Du kan lesa meir om konfirmasjonstida her.
I tillegg til desse aktivitetane, vert det av og til arrangert andre hendingar. Følg med på denne sida for å finna ut meir!