I Fusa sokn ynskjer me å gje ungdom gode opplevingar som dei kan ta med seg resten av livet. For dei aller fleste kjem desse opplevingane gjennom konfirmasjonstida, der dei er med på eit opplegg som varer frå september til mai, med leirar, gudstenester, undervising og ulike aktivitetar. Men me har òg fleire andre aktivitetar retta mot tenåringar:
- Klubben: Open klubb for alle tweens, 5.-8. klasse. På Eikelandsosen bedehus fedagar etter plan. Her er det aktivitetar, spel, kiosk, andakt, konkurransar og mykje meir som skjer. Ingen påmelding - berre kom! Meir info om Klubben får du viss du tar kontakt med kyrkjelydsmedarbeidar Gry.
- Fusa Soul Children er eit prosjektkor for tweens og ungdommar. Prosjekt vanlegvis både vår haust.
I tillegg har me andre ungdomsretta enkelthendingar i løpet av året - følg med på info m.a. på facebook.