Lysa vert sterkare

Å markere adventstida med å tenne eit nytt lys på kvar av dei fire søndagane er ein gamal og fin skikk. Lyset tiltar i styrke jo mørkere det blir ute og jo nærare vi kjem det store lyset: Kristus som fødast i ein stall.

Nettopp når kulda og mørket gjer seg gjeldande for alvor, tenner vi det første adventslyset. Lysa blir snart fleire.

Mens frost og vintermørke rår, begynner kirkens nye år. Slik begynner ein av våre nyare adventssalmar (Norsk salmebok 2013  nr. 18). På 1. søndag i adventstida starter eit nytt kyrkjeår.

Gjennom kyrkjeåret sin gang møter vi ei rekke bibelske hendingar, motiv og symbol. Kyrkjeåret preger gudstenestene og gjev gudstenestelivet variasjon, slik at kvar søndag og helligdag får sin særlige karakter. Bibeltekstane, mange av bønene og andre deler av gudstenesta er prega av kyrkjeårstida og av den enkelte søndag. Naturen sine vekslingar og kyrkjeåret preger kvarandre og gjev meir farge til høgtidene og opplevinga av årstidene.

Advent er forkorting for Adventus Domini, Herrens komme. Det var eit uttrykk som i det gamle Roma vart brukt om tida like før ein betydningsfull person skulle gjeste ein by eller ein stad.

Jula kjem fordi Jesus kjem. Bibeltekstane i adventstida fortel om ulike måter han kjem på. Og juleevangeliet fortel om at han kom som eit menneske. Gud vart som ein av oss, født som eit spedbarn.

 

Dei fire søndagane i advent

Første søndag i adventstida er det den voksne Jesus som står i sentrum. Preiketeksten fortel oss at han er oppfyllinga av Det gamle testamentet sine profetier om Messias. Det er han det handlar om, når profeten Sakarja fortel om kongen som kjem ridande på eit esel.

to lys

Andre søndag i adventstida handlar om at det skal kome falske profetar som urettmessig kallar seg Messias. Men først når evangeliet er forkynt for alle folkeslag, skal enden kome, det vil seie tida då Jesus kjem synleg tilbake til jorda.

tre lys

Tredje søndag i adventstida er vi tilbake til spørsmålet om den voksne Jesus fra Nasaret virkeleg er den Messias som folk har venta på. Jesus svarar med å peike på kva som hender der han er: Blinde ser og lamme går, spedalske rensast og døve høyrer. Kan de ikkje legge saman to og to?

fire lys

Fjerde søndag i adventstida er tilegna den ventande Maria. Det er ein samanheng mellom hennar forventning og den forventninga som kjenneteiknar Guds folk. Nå kjem snart Kristi fødsel. Menneska førebur seg på å ta imot det store budskapet.

 

(Teksten er henta frå kirken.no)

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80