Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Frå Brasil til Giske

Dei er ivrige etter å gjera seg kjende med Giske og folket på øyane her, dei to brasilianarane Luis Bach (24) og Jessica Staehler (26).

Dagen etter at dei landa på Vigra, blei dei med konfirmantane frå Giske og Vigra til leir på Kjeldsund.  Jessica og Luis er utvekslingsstudentar ved Hald internasjonale senter i Mandal dette året, og skal bu på Valderøya fram til april neste år. Medan dei bur her, skal dei gjera teneste i kyrkja og i NMSU (Det Norske Misjonsselskap sin ungdoms-organisasjon).  Her i kyrkjelydane våre skal dei vera med på trusopplæringstiltak for born og unge og elles delta i kyrkjelydsarbeidet, medan dei lærer seg norsk. Sist måndag var dei innom på sveletreff i Valderøy kyrkje, og svelene til Arnhild Sæther fall visst godt i smak!  Søndag 7. oktober får vi helse på dei i Giske kyrkje. 

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80