Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Frå soloppgang til solnedgang

Frå soloppgang til solnedgang var den første tittelen til glaskunsten som no pryder Johanneskapellet ved Valderøy kyrkje.

Kunstnaren for prosjektet, Olav Leon Roald, bur på Vigra i eit ope landskap mot havet, der han kan følgje sola sinn bane frå soloppgang til solnedgang. Olav Leon fortel at då han stod i rommet og såg arkitekturen første gong, skjønte han at utrykket i utsmykkinga måtte løysast abstrakt.  Dette karakteriserer utsmykkinga. Han har jobba bredt i fargeskalaen, frå svart natt til lyse solstrålar og alle nyansar imellom. I utsmykkinga er det mørkt lengst bak mot nord, så går det mot lysare dag i aust og sør og vidare til kveld og solnedgang i vest/nordvest.

Utsmykkinga reflekterer også døgnets farger og årets gang, livets gang med vår og haust. Han fortel at han i tillegg til det sunnmørske landskapet har tenkt på Sahara ein gulnande ettermiddag og på den djupgrøne regnskogen i Sør Amerika.

Dette er kunstnaren sine betraktningar om kunsten. Vi ynskjer at folk skal komme innom og sjå enten når det er gudsteneste i kyrkja eller det er andre arrangement.

Glasrådgivarar Anette og Even Muldal har jobba saman med kunstnaren i dette prosjektet, dei driv firma Morad vest AS. Dei har tidlegare vore med å laga andre glasmåleri mellom anna til Spjelkavik kyrkje.

 

Utsmykkingsnemnda har bestått av:

Otto Stornes, leiar

Marit Vik, medlem

Eivind Veddegjerde, medlem

Bente Rørvik Urkedal, medlem

André Sjåvåg, medlem

Turid Urkedal Valderhaug, medlem

Arkitekt Torstein Lervik har vore rådgivar til nemnda.

 

Totalkostnad for prosjektet litt over ein million og innsamla gåver kr 750 000,-

Mange har hjelpt til med innsamling av desse gåvene.

 

Vi er takksame for den godvilje vi har møtt i dette kunstprosjektet!

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80