Glasmaleriet i Johanneskapellet

Dei siste åra har Giske Kyrkjelege Fellesråd arbeidd med ei utsmykking av bårekapellet i Giske. Kapellet er mykje nytta til minnesamlingar og gravferd.

Kunstnar Olaf Leon Roald frå Vigra har laga eit kunstverk i glas, til alle vindauge i kapellet. Her finn ein dei sterke fargane i horisonten frå soloppgang til solnedgang. Det er nybrottsarbeid for kunstnaren; han er skulptør med auge for former – og no har han og jobba intenst med fargekomposisjonar i glas.

Vi har fått mykje støtte allereie, både private gåver og frå næringslivet. Det er vi takksame for. Vi trur dette syner at det er viktig å ha eit vakkert kapell for slike høve. Prosjektet har hatt ei ramme på 750 000 kroner, og til no har vi samla inn nesten heile dette beløpet over fleire år.
Men vi veit at det vil koste meir. Det ser ut til å koste omtrent 390 000 kroner meir enn vi har berekna. Grunnane til denne auka er først og fremst at kunstverket har blitt meir komplekst – glasbitane har blitt mindre og fleire, og stykkpris for tilverking er omtrent det same, anten det er store eller små flater. Då går det meir materiale og meir arbeidstid.
Men dette er også eit klart resultat av kraftig inspirasjon. Når ein ser vindauga, vil ein vonleg skjøne det og sette pris på denne kreativiteten.

Mot dag

Gi ei gåve
Gåver mellom kr 500,- og kr 30 000,- kan trekkast frå skattepliktig inntekt. Dersom du set inn ei gåve på bankkonto, merk med namn og personnummer, så sender kyrkjekontoret inn opplysningane til skatteetaten slik at du får frådraget automatisk. Ved spørsmål, ring kyrkjeverje Turid U. Valderhaug, 70188042 eller send epost tuva@giske.kommune.no

Innsamlingskonto: 4202 46 23720

Du kan og sende inn ei gåve med VIPPS—send til 29446, Valderøy Sokneråd. Hugs å legge ved melding med namn, eventuelt personnummer om gåva er over 500,- eller meir.

Mot solnedgang

Innsamling hittil
Private gåver - kr 355 243 (inkl minnegåver og testamentariske gåver)
Næringsliv – kr 287 215
Fellesråd, sokneråd – kr 85 000
Tusen takk til alle som allereie har gitt!

Med venleg helsing Giske Kyrkjeleg Fellesåd ved Utsmykkingsnemda
Marit Vik, Eivind Veddegjerde, Otto Stornes, Bente Rørvik Urkedal, Torstein Lervik, Turid U. Valderhaug, André Sjåvåg.

 

SPONSORAR SÅ LANGT—TUSEN TAKK FOR STØTTA!

  • Subsea 7
  • PSS Catering
  • Byggmann AS
  • Loran KS
  • Giske Havfiske AS
  • Strand Havfiske F/T
  • Nesbakk AS
  • Veidar AS
  • Nyvoll Senior
  • Atlantic Invest AS
  • Skaregg AS
  • Nordnes AS
  • Nordic Wildfish AS
  • Rosund Drift AS
  • Valderøy Varesenter, Eurospar
  • REMA 1000
  • Sverre Roald AS
  • Dekorbetong AS
  • LEBA AS
  • Lervik Arkitekter AS
  • Kristiseter AS
  • Nordstrand Rådgiving
  • Havyard MMC AS
  • Breivik Mek verkstad
  • Konbygg AS
  • Bunadspesialisten
  • H-produkter AS
  • Møretrygd Gjensidige forsikring
  • Nordstrand VVS AS
  • Gjøsund maskinlag AS
  • HL Skjong AS
  • Alfa Elektro AS
  • Dør og Vindusvern
  • Optimar AS
  • Joker Vikane
  • Bypatrioten
  • Tannlege Harald Fylling
  • Vidar Blindheim Transport

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80